The bacalhau bag design

Have you seen our bacalhau bags? I would like to say some words about the process in this blog post. In Norwegian, this time, so bear with me, non-Norwegian readers.

Når du skal handle inn til klippfiskmiddag må du ha ei god veske. Eg er så inderleg lei tusen plastposar og moste urter. Eg har derfor designa ei middagsveske med rom for urtene på utsida og eigne rom som held olivenoljeflasker og mjølka skild frå ‘midtromet’ der poteter, rotgrønsaker, lauk, kvitlauk, smør, laurbærblad, paprikakrydder og pepar skal ha sin plass.

Miljøvennleg er ein viktig impuls, men at praktisk transport er like viktig for ein kjøkenarbeidar erfarte eg i Portugal då eg flytte dit i 1985. Der brukte kvinnene sjeldan plast – det var dyrt- dessutan hadde dei flotte og romslege flettakorger. Dei svinga om den lokale bymarknaden, og evt kolonialen på hjørnet på veg inn døra. Så kan slike kulturmøte og erfaringar frå fortida gi tilgang til løysingar på aktuelle utfordringar!

Eg leverte gamle dongeribukser og stoffrestar til Marion Øvrelid i Saumrom, og ho forska på ein god storleik, solide saumar, stifting, botn og laminering/logo. Alt i resirkulerbart og miljøvenleg materiale. Marion syr på bestilling anten du sjølv tek med utrangerte plagg, eller du kjøper billeg brukt- stoff av henne.

Eg elskar veska og brukar ho til all planlagt handling. Eg går mykje til butikken og fordi Marion har tilpassa stroppehøgda til ‘min storleik’ (ikkje langbeint…) så er ho ei flott gå- veske. Eg har handla veska så full at eg knapt kunne løfte ho! Veska holdt- men skuldra takka i grunnen nei…

Takk Marion! Tenkjer på deg kvar dag…


Above: an original bacalhau basket).